Avlei – Auflem

I 1948 fekk Rolv Muri skøyte på garden der han hadde budd i krigsåra. Han gifta seg i Danmark i mai same året, og dei nygifte hadde freista livnære seg av kunsten.

Onkelen Andreas Monsson Auflem (1884-1953, halvbror til mora) og kona Didrikka
(f. Skarstein, 1883–1942) hadde ikkje born, og Rolv og Helga Muri greip sjansen då dei fekk tilbod om å bli gardbrukarar:
«Det var en onkel som eide garden, han ble sjuk, og jeg fikk tilbud om å overta. Det var en høstdag vi kom til Olden, kona og jeg, rett fra København. Oppi fjellsida blinket det i et lys, midt i mørket.
– Der er det visst, sa jeg. – Det ser litt ensomt ut.Vi visste ikke hva vi gjorde, men vi var nostalgikere, tredve år før det ble oppfunnet.
(Sunnmørsposten 27.8.1976)

Gardsbruket han overtok, er bruk nr 3 på Auflem. Dei første åra satsa ekteparet Muri på full gardsdrift, med kyr, sauer, gris, høner, hest og fruktdyrking. Men frå rundt 1970 trappa dei ned drifta, til sauer og grønsaker. Muri prøvde å pakte vekk jorda, men lukkast ikkje med det. Han følte i alle år på ei sterk pliktkjensle og eit ansvar for å halde bruket ved like. Slekta hadde budd her sidan 1500-talet. Derfor blei dei verande på garden.

Å velje Olden og tilværet som bonde framfor å vere kunstar i ein storby var eit val som Muri grunngav både med slekts- og plikt-kjensle – ikkje med politiske argument. Det var eit ansvar han måtte ta, som lekk i ei lang ætte-line. Men valet hadde nok også samanheng med det høgst usikre i å satse på kunstnar-vegen i den første etterkrigstida. Økonomien deira var dårleg, men med garden fekk dei både ein stad å bu og ei grunninntekt. Dei første åra var tunge: Rolv var helsesvak, og mykje fall på ektefellen Helga.

Det blei lite tid til kunst, men byte med bylivet ville han ikkje:

Vi har valgt dette livet. Se hvor betagende vakkert her er! Jeg tenkte alltid på landet da jeg bodde i by. Lengtet tilbake til steiner og gras. Det ligger meg vel i blodet dette, å bo slik på ei hylle. Slekta på begge sider kommer fra denne loddrette lia. (Dagbladet 30.7.1966).

Tekst: Ove Eide Foto: Håvard Eide

Dette er henta fra Årboka 2017
August 2024
August 2024
August 2024
August 2024
Widerøe 1949