Bokprosjekt 2023

Ove Eide er godt i gong med eit manus til kunstboka om Muri. På grunn av korona vart utgjevinga utsatt til hausten 2022. Vi har hatt god dialog med Kunstmuseet i Førde vedrørande denne bokutgjevinga. Dette har resultert i at vi kjem til å vente med utgjeving til 2023 då vi slår dette saman med at Kunstmuseet opnar dørene til ei jubileumsutstilling med Rolv Muri sin kunst !

Vi har óg vore så heldige å få til eit samarbeid med Nordfjord sogelag som hjelper oss med å få utgjevinga på beina. Dette er vi svært glade for.

Bokprosjektet er eit omfattande og kostbart tiltak som tar tid å få på plass. Om du vil vere med å støtte bokprosjektet så ta kontakt med Arve Henriksen. Mail arve(at)arvemariamusic.com. Så langt er prosjektet støtta av Stryn Kulturkontor og Olden Bygdekvinnelag. Det er óg mogleg å bestille ei bok, eller eit større antal bøker. Dette ville vere til stor hjelp i den vidare prosessen.

Fjordingen 2.okt 2017: https://www.fjordingen.no/nyhende/i/3674qv/spennande-bokprosjekt-om-gloymd-kunstnar

Det vart laga eit fonogram i jubileumsåret med musikk inspirert av Muri sine måleri. Musikken er komponert og framført av Arve Henriksen og er utgjeven på Arve Music. https://arvemusic.com Ein kan óg høyre Elling Vanberg lese nokre av sine egne dikt på denne plata.

Dette var eit sjølvstendig prosjekt som ikkje har vore økonomisk kobla til bokprosjektet. Tittel på denne digitale utgjevinga er “Murimorphosis”.

Meir info på denne linken: https://arvehenriksen.bandcamp.com/

Viktige møter på Stryn ungdomsskule

“På tidleg 80-tal var eg elev ved ungdomsskulen i Bø. Fekk der mitt første møte med Muri sin kunst gjennom måleriet “Nattlig dialog” (1977). Det var her eg óg fekk mitt første møte med poeten Elling Vanberg. Han kom på besøk i ein norsktime på invitasjon frå vår lærar Magne Drageset. Poesien vi fekk høyre då prenta seg inn i hjernebarken som noko heilt spesielt. Dette fekk kunstneriske følger for meg i mitt skapande. Poesien til Ellivan vart med i bestillingsverket “Farande Bilete” på Bale Jazz, Balestrand i 1997, og seinare i 2008 då eg gav ut poesifonogramet “Ellivan” (NorCD). På same måte kan eg vel no snart 40 år seinare seie at Muri sitt bilde festa seg i meg på ein måte som har fått meg til å ta initiativet til både ei kunstbok og eit fonogram inspirert av denne unike kunstnaren frå Olden.” – Arve Henriksen

«Nattlig dialog», 122×94, 1977

Ellivan CD: https://norcd.net/music/p/arve-henriksen-amp-elling-vanberg-ellivan

%d bloggers like this: