Johanna Nygjerd har vore ei eldsjel i det lokale kunstnarmiljøet i mange år. Ho har óg vore den som har gjort research-arbeidet til boka ein god del lettare. Ho og mannen Gunnar hadde samla på seg mykje materiale om Muri som Ove Eide har fått tatt del i. Her ein artikkel frå Fjordingen 4.juni-1999 som omtaler eit kunstprosjekt på Olden barne- og ungdomsskule. Journalist Ove Sveen.
“Vi har vore innom fargelære, og vi har lært Muri sin kunst å kjenne -frå det konkrete til det abstrakte.”
