Rolv Muri
Fjordingens julenummer 1976 Av Gunnar Nygjerd.
Når garden og bygda søv kjem dei finaste impulsane, seier kunstnaren Rolv Muri, som helst vil vere ein bonde mellom andre bønder i Olden
Noko av det finaste eg kan oppleve, er å gå turar skyminga, sjå blomane, tuene og trea. Symfonien av greiner og blad, spelet av skuggar og lys over dei små spirane og det store landskapet. Det er heilt fantastisk å gå bort over markene inn gjennom skogen, ut på fjellviddene. Når eg er komen dit utsynet er mektig mot fjordlandskapet, må eg berre setje meg ned for å nyte. Det er ei form fc guds-dyrking. Eg har litt av panteismen i meg, ser Gud alt.
Rolv Muri stryk sveitte perler bort frå panna. Haustsola stryk lint over Auflem-landet. Kunstnarv har berga vinterføda til nokre kyr og sauer. Han kom litt på etterskot med arbeidet på grunn av turen til Oslo for å ordne med utstillinga i Kunstnernes Hus. Rolv Muri frå Olden og Gudrun Kongelf vart vald ut mellom over 50 aktuell namn. Gardbrukaren mått leggje ljåen ned nokre dagar, og la humla surre enno ei tid i oppreist gras ned bratthenget mot fjorden.
Eg var borte 4 dagar, og lengta forferdeleg heim att. Berre eg reiser eit par kilometer til sentrum Olden, lengtar eg tilbake til mine 45 mål jord. Her finn eg detaljarnene samanhengen og heilskapen. Eg likar dei steile fjella og den djupe fiorden Det er noko som har resonnans i sinnet.Dessutan er mitt sinn steilt
YTRE INNTRYKK – INDRE LIV.
Dei ytre omgjevnadene har alt å seie. Utan ytre inntrykk, ikkje indre liv. Naturen er opphavet til alle bileta eg lagar. Eg panorerer aldri, men er oppteken av detaljar, av å søkje innover meir ennå søkje mot dei store vyer. Alle forma abstrakte, og i innhald eit konsentrat av den natur som har gjeve inspirasjonen. Kjærleiken til naturen og miljøet er drivkrafta.Utan kjærleik, ikkje noko vellukka resultat.
Eg legg stor vekt også på den plass eg har fått i samanhengen mellom generasjonane. Slektslekk etter slektslekk har budd på denne garden i Olden. Folk seier eg må modernisere, men det ville vere å drepe ei ånd som talar frå veggene. Eg fann eit langbord med bumerke og spor etter arbeid med øks. Spor etter menneske av mitt eige kjøt og blod. Bumerket har eg laga eit bilete av. Det har fått namnet «Tegn».
Rolv Muri tenkjer alltid i bilete også når han er ute på tur med bilen.Eg ser menneske, kjenningar eg gjerne burde ha veksla nokre ord med. Men opplevinga av natur og miljø i biletform, lagar ein sterk trong til å vere åleine. På garden er inntrykka legio, utan ende. Endringane i lyset, og vertypen, verkar på stemninga i sinnet. Alt endrar seg til ei kvar tid. Det visuelle er likevel ikkje det viktigaste, men, prosessen innvendig – som er basert på visuelle opplevingar. Her treng ikkje augo, berre søkje mot dei frne horisontane. Eg møtte ein tysk turist som gjekk rundt med ei lupe sist sommar. Kom hit så skal du få sjå blomen «forglemmegei», sa han. Det var ein plante eg hadde sett tusen gonger før, men under lupa vart det ei heilt ny oppleving.EIN NY DIMENSJON
Dersom kunsten kan skape ei ny meining, ein ny dimensjon, slik at ein kan oppdage nye sider ved ting og miljø, då har vi nådd fram til noko. Borna har ofte den spontane kjensla som må til for å oppleve poenget. Eldre menneske er ofte forma i eit system som har drepe evna til å vere spontan.
Rolv Muri seier at han ofte lagrar ei stemning, ei oppleving, i lengre tid i det indre før han prøver å gje det uttrykk på lerretet.
Når eg held meg så mykje i ro, er det for å verne stemningsbileta. Dei ville bli oppløyste og flyte bort dersom eg skulle gå rundt og vere jovial og konverserande. Når eg er i atelieret, er det berre ei stemning eg kjende ein gong i tida, og fargar, som er i hovudet.
ÅNDER PÅ STILLE FØTER
Best likar eg å måle om natta. Då er åndene lettast å kome i kontakt med. Dei kjem på stille føter, og når du har gjort jobben din, blir dei borte. Det er ei god kjensle, ei natt-kjensle. Sjølv har eg alltid hatt trong om lite svevn, men kravet til kvile har auka i takt med åra. Den fine natt-stemninga blir likevel aldri borte. Dagen er bombardert av lys og lydar. Når garden, grenda og bygda søv, merkar eg dei finaste impulsane, den beste roa. Då er ikkje noko vakrare ennå sjå ut mot fjella.
Men omstillingsprosessen kan ofte vere vanskeleg, seier Muri. Når mykje arbeid må gjerast på garden, er det vanskeleg å halde ei oppleving, ei kjensle, inntakt.
BONDE, SOM ANDRE BØNDER
Men kvar blir det så av Rolv Muri i dette? Eg har ei devise for livet mitt: «Esse non videri». Det vil seie å eksistere utan å bli sett, lagt merke til. Min person har som kropp ingen ting å seie. Det forklårer at eg utover i bygda kan hende blir sett på som ein inneslutta og stillfarande mann. Sjølv prøver eg ikkje å skilje meg ut. Eg er ein bonde som driv med jord, og held meg til andre bønder som driv med jord. Heller ikkje som målar er det noko spesielt ved meg. Målarane er yrkesmenneske som andre. Vi søkjer etter ein identitet i den kunsten som engasjerer oss, slik andre søkjer etter punkt i seg sjølv som dei kan fungere ut frå. Eg skulle ynskje at kunstnarane vart sette inn i ein slik samanheng av ålmenta, at vi vart integrert i samfunnet som ei yrkesgruppe. Våre krav er ikkje mindre viktige for oss enn dei krav bønder og fiskarar har sett fram for sine grupper.
Mange ser rett nok ut til å meine at kunst er luksus. Men før eller seinare får alle ein trong til å oppleve noko som når det gjeld kjensler, er distinkt, og oftast er det best uttrykt i kunst.
Rolv Muri kan i atelieret i bustadhuset stundom arbeide med eit bilete i mange veker, likevel utan å få bort eitt eller anna som uroar på lerretet. Brått ein dag ser han det, og biletet er ferdig.
Einskilde gonger er heile intuisjonen klår. Arbeidet går presist etter dei indre kreftene.
EIT HARDT SLIT
Likevel, det er oftast ei slit, eit hardt slik, som gjev lite resultat i kroner. Heile sist vinter kom eg mest ikkje ut av garden på grunn av at eg måtte ha ferdig bileta som skulle til Oslo. Etterpå kjende eg meg stressa. Eg er aldri nøgd, men var likevel glad over å ha fått til denne utstillinga.
Aldri nøgd? Det er misnøye som skaper kunst, arbeid for å nå det fullkomne, som vi likevel ikkje når. Ein kunstnar må vere rastlaus og misnøgd for å skape noko. Dette ligg i sjølve prosessen. Kan eg glede nokon med det eg lagar, skaper det glede også hjå meg – men på eit anna plan enn det som er drivkrafta i arbeidet.
Tanken på suksess ligg fjernt. Eg kjenner ingen trong til å hevde meg, seier Rolv Muri.Det kan likevel konstaterast at målaren frå Olden har fått suksess, også på utstillinga i Oslo. Han har hatt 4 større separat-utstillingar sidan 1969, i Oslo, Stavanger, Bergen og så i Oslo att. Muri debuterte som abstrakt målar, og har heile tida halde seg til det abstrakte formspråket.
Eg tenkjer abstrakt, og bileta er eit uttrykk for det.
Kona til Muri, Helga, er også kunstnar. Men ho har måtta leggje teikne- og målarsakene bort. Pliktene i heimen og på garden har teke all tid, saman med arbeid i klasserom og bibliotek i Olden skule. Men Helga Muri har i alle år vore ein verdfull og sakkunnig kritikar for ektemannen.

