



Muri sin kunst er innkjøpt av museum, organisasjonar og privatpersonar
NASJONALMUSEET
Rød november, 1979, 122×151, overført frå Riksgalleriet 1988
Hvit søndag, 1976, 61×75, overført frå Nasjonalgalleriet 1988
Frostdag, 1968, 60,5×83, overført frå Riksgalleriet 1988
NORSK KULTURRÅD/KULTURRÅDET
Gul Høst (98×122), innkjøpt 1981, Førdehuset. Utplassert i Nordisk ministerråd, København
Fjellbris, (61x 82), innkjøpt i Bergens Kunstforening 1974, utplassert i Ørskog Aldershjem,
no: Steinholt busenter, Ørskog
Ei oppdatert og utfyllande liste blir lagt ut seinare.
Viktige møter på Stryn ungdomsskule
“På tidleg 80-tal var eg elev ved ungdomsskulen i Bø. Fekk der mitt første møte med Muri sin kunst gjennom måleriet “Nattlig dialog” (1977) Det var her eg óg fekk mitt første møte med poeten Elling Vanberg. Han kom på besøk i ein norsktime på invitasjon frå vår lærar Magne Drageset. Poesien vi fekk høyre då prenta seg inn i hjernebarken som noko heilt spesielt. Dette fekk kunstneriske følger for meg i mitt skapande. Poesien til Ellivan vart med i bestillingsverket “Farande Bilete” på Bale Jazz, Balestrand i 1997, og seinare i 2008 då eg gav ut poesifonogramet “Ellivan” (NorCD). På same måte kan eg vel no snart 40 år seinare seie at Muri sitt bilde festa seg i meg på ein måte som har fått meg til å ta initiativet til både ei kunstbok og eit fonogram inspirert av denne unike kunstnaren frå Olden.” – Arve Henriksen



Ellivan CD: https://norcd.net/music/p/arve-henriksen-amp-elling-vanberg-ellivan