I morgon er det 101 år sidan Muri vart fødd. Ove Eide har sett fokus på Muri med eit fint innlegg i “Jul i Nordfjord”. Kjøp bladet og støtt opp om lokalhistoria.
Naturen er opphavet til alle bileta eg lagar. Eg panorerer aldri, men er oppteken av detaljar, av å søkje innover meir enn mot dei store vyer. Alle bileta er i forma abstrakte, og i innhald eit konsentrat av den natur som har gjeve inspirasjon. Kjærleiken til naturen og miljøet er drivkrafta. Utan kjærleik, ikkje noko vellukka resultat… Dersom kunsten kan skape ei ny meining, ein ny dimensjon, slik at ein kan oppdage nye sider ved ting og miljø, då har vi nådd fram til noko.
Slik ordla han seg, kunstnaren og bonden Rolv Muri, i eit intervju med lokalavisa Fjordingen i 1976. Då hadde han budd på ættegarden i Olden i nesten 30 år, og var blitt ein etablert kunstnar.
22. desember i år er det 100 år sidan han vart fødd, i Ålesund, med foreldre som begge ætta frå Olden. Då kan det høve godt å trekke fram att denne fargerike kunstnaren, som mange ikkje kjenner så godt til i dag. Muri hadde rett nok eit uttrykk som han kalla ei rettesnor for livet sitt: Esse non videri, å eksistere utan å bli lagt merke til. Men det er ingen grunn til å la bilda hans vere utan merksemd.
Vinterkveld, Olden (1954)
Rolv Muri fekk plass på Statens Kunstakademi i 1946, og gjekk ut derfrå i 1948. Same året flytte han til Olden i Nordfjord, og her blei han buande resten av tida si. Han døydde i januar 1992.
Det gjekk 25 år frå Rolv Muri deltok på utstilling for første gong, arrangert av Nordfjord Kunstlag i 1944/45, til han hadde si første separatutstilling i 1969 i Oslo. Før debut-utstillinga deltok han fleire gonger på Haustutstillinga og på Vestlandsutstillinga. Gjennom åra blei det mange utstillingar, både kollektive og åleine, og han var med på fleire utstillingar i utlandet der norsk kunst vart presentert, i Sverige, Tyskland og Skottland. To av dei siste separatutstillingane var i Galerie Salammbo i Paris i 1988 og ei jubileumsutstilling i Førde i høve 70-årsdagen. Muri fekk Statens garantiinntekt i 1977, som ein i den første gruppa av kunstnarar som fekk slik statleg økonomisk støtte.
Muri fekk omtale i aviser og tidskrift, med mykje godlæte for bilda sine – men sjølvsagt også kritikk. Reaksjonar på bilda hans var del av det offentlege ordskifte om kunst i Noreg, han var ein av dei kunstkritikarane kommenterte og vurderte. Etter kvart følgde også innkjøp, til offentlege institusjonar som Riksgalleriet, Nasjonalgalleriet, Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane og fleire kunstforeiningar.
Med på vegen høyrde også medlemskap i kunstnarorganisasjonar, som stemmerett i Bildende kunstneres styre, Unge Kunstneres samfund (1956-1975), Landsforeningen Norske Malere, Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane.
Vegen frå amatør til profesjonell var ei reise frå Olden til Oslo og Europa – og tilbake att til landsbygda. Rolv Muri bygde eit kunstnarliv og ei kunstnar-karriere på eit småbruk langt frå nasjonale kunst- og kultur-institusjonar. Det var her han fann seg sjølv, i nokre større samanhengar: garden, slekta, naturen. Men livet som bonde hadde sin pris, arbeidet i onnene måtte gjerast når tida var der, kunsten måtte vente. I dette låg det eit fruktbart paradoks: Somrane var «ei eldkule av slit og sveitte», sa han, men det var dette kvardagslivet som la grunnlaget for kunsten hans: «…det er i einsemda på småbruket eg har funne gullkorna og inspirasjonen» (frå eit intervju i Sogn og Fjordane Magasin 1988)
Horisontalfelt Gul II (1966)
Det kan vere freistande å kalle Muri for «heimstadmålar», eller «hjemstavnsmaler» som det heiter på bokmål. Han fann nok motiva sine på garden og i landskapet rundt, men han målte ikkje slik at vi kan kjenne att Olden, Auflem eller indre Nordfjord. Måleria er abstraherte former, bygde på subjektive sansingar og opplevingar, eller på minne om stunder han hadde opplevd.
Rolv Muri fann sitt rike, sitt motivlandskap i det lokale, men forma hans var internasjonal, knytt til impulsar og inspirasjonar frå Europa og USA. Slik var han både stadbunden og internasjonal. Det er ikkje noko merkeleg i dette, han er ikkje den einaste kunstnaren som har hatt feste i eit lokalmiljø, men samstundes vore del av ein internasjonal fellesskap. Muri var oldar og modernist.
I oversynsartiklar blir han kalla abstrakt ekspresjonist, men sjølv ville han ikkje la seg fange med merkelappar eller bli plassert i ei gruppe. Men han var ein «uttrykks-kunstnar», og han vedkjende seg det abstrakte:
Jeg ser abstrakt. Hele min legning er abstrakt. Når jeg arbeider på jorda, samler jeg abstraherte naturbilder i minnet. Jeg er ikke av dem som ser natur og så konstruerer abstraksjoner etterpå. Jeg ser det slik jeg maler det. Jeg prøver å finne en syntese i det jeg ser. Inntrykkene lagres, ofte i mange år, før de kommer ut i malerier. (intervju i Sunnmørsposten 1976)
Nattspill (1978)
Då han døydde i 1992 var Rolv Muri ein godt etablert bildekunstnar. Men etter den tid har det vore helst lite merksemd knytt til namnet og kunsten hans.
Dette kan ha fleire forklaringar. Men ein rimeleg grunn heng nok saman med den personen han var, introvert og lågmælt. Han deltok ikkje mykje i kunstnarmiljøa den tida han levde, og for ein som mislikte større sosiale samanhengar, vart det lite nettverksbygging. Dermed var han litt på sida, ein outsider i rette tydinga av ordet. Og få har teke på seg å løfte han fram i offentleg lys dei siste 30 åra.
Night fragment (1982)
Rolv Muri sitt motto var: vere, utan å bli lagd merke til. Slik likte han å presentere seg. Men han meinte nok ikkje at dette også skulle gjelde bilda han laga. Dei fortener både merksemd og samtale.
Den 22.desember no i 2021 er det 100 år sidan kunstnaren Rolv Muri frå Olden (død 1992) vart fødd. Vi har hatt eit ynskje om å kunne få markert dette jubileet i haust, men det har ikkje vore enkelt å få til det. Kanskje mangel på kunnskap om kunstnaren er ein faktor. Ei gladhending er uansett at Ove Eide er invitert til å halde eit foredrag om Muri for Rotary i Stryn 25.oktober. Vi håpar at det kanskje kan lede til eit fokus på Muri, han som var ein stilskapande kunstnar i si samtid. Ove Eide skriv på ei bok om kunstnaren som vi vonar skal få sitt bokslepp i 2022. Vi hadde eit sterkt ynskje om å få til ei utgjeving i år, men på grunn av korona ser vi oss nødt til å vente seinare. Vi jobbar med planer om ei “forsinka” jubileumsutstilling i 2023. Meir info og oppdatering etterkvart.