Jubileum 100

Jubileumsmarkering i Aldahein i Olden søndag 6.mars kl 16:00

Foredrag ved Ove Eide i samtale i ord og tonar med musikar Arve Henriksen

Arrangør: Olden Bygdekvinnelag, Olden ungdomslag & Stryn Kunstlag

I desember 2021 var det 100 år sidan kunstnaren Rolv Muri frå Olden (død 1992) vart fødd. Vi hadde ambisjonar om å få markert dette jubileet på ein verdig måte. Muri var ein viktig kunstnar i si samtid, og dette vart markert i desember 2021 og mars 2022. Ove Eide skriv på ei bok om kunstnaren som vil få sitt bokslepp i 2023. Vi hadde eit sterkt ynskje om å få til ei utgjeving i 2021, men på grunn av korona vart dette utsatt.

Uansett, markeringar er allereie i gong. Ove Eide har vore på besøk hos Rotary i Stryn, der han hadde eit flott foredrag om Muri. Dette vart godt motteke og det tok prosjektet inn i ein ny fase. Fjordingen hadde dette oppslaget av Inge Fænn (sjå under). Vidare vart det ei fin 100 års markering i Olden ungdomshus i byrjinga på mars 2022. Plateslepp vart det på Arve Music 22.desember 2021 med Arve Henriksen sine musikalske kommentar til Muri sitt skapande. “Murimorphosis” er namnet på den digitale utgjevinga. Meir info vert å finne på denne linken: https://arvehenriksen.bandcamp.com/

Bilder frå markeringa i Aldaheim 6.mars 2022

Frå arkivet:

70 års jubileet til Rolv Lorentz Muri vart markert med ei jubileumsutstilling i Fylkesgalleriet Sogn og Fjordane. Rolf Braadland var då leiar i Fylkesgalleriet og skreiv dette i kunstheftet om Muri til utstillinga i 1991.

Nils Bruland sin hyllest til Muri:

%d bloggers like this: