Det å lage ei kunstbok er eit omfattande, spennande og naturleg nok eit kostbart prosjekt som har tar tid. Vi har til no i denne prosessen motteke kulturmidlar frå Stryn Kommune i 2016 og 2021. Olden Bygdekvinnelag har også lagt pengar i dette kunstprosjektet. Vi er veldig takksame for desse bidraga.
Vi arbeider stadig med å finne samarbeidspartnarar for å kunne løfte fram Muri på ein verdig måte. Det har til no i år blitt dokumentert omlag 75-80 av produksjonen til Muri. Fleire måleri kjem fram i dagen ettersom prosessen rullar fram. Fleire støttespelarar har meldt si interesse for denne spennande kunstreisa.
Om du vil vere med å støtte bokprosjektet så ta kontakt med Arve Henriksen. Mail arve(at)arvemariamusic.com. Det er óg mogleg å bestille ei bok, eller eit større antal bøker. Dette ville vere til stor hjelp i den vidare prosessen.
Støttespelarar:
- Stryn Kommune Kulturkontor / Kulturmidlar 2016 og 2021
- Nordfjord sogelag
- Olden Bygdekvinnelag
- Olden ungdomslag
- IEWartdal AS, May og Ivar Wartdal
- Sandane Psykologisenter Svein Kristiansen
- Stryn Kunstlag
- Stryn Rotary
- Ove Lidvar Eide
- Arve Maria Music AB