Boka er klar ! Ove Eide har gjort ein strålande innsats og kome fram til eit veldig flott manus. Reidar Gjørven har gjort ein strålande jobb med lay out og utforming av boka. Vi har hatt god dialog med Kunstmuseet i Førde vedrørande denne bokutgjevinga. Boksleppa i Stryn, på Sandane, Førde og Olden vart fine arrangement. Sogn og Fjordane Kunstmuseum si jubileumsutstilling med Rolv Muri sin kunst åpna den 3.november! Dette er ei fantastisk flott reise i Muri sitt univers. Utstillinga blir å finne i Førde fram til 7.april 2024. Meir info her: https://misf.no/kunstmuseet/opplevingar/utstillingsopning-rolv-muri-eg-maalar-med-jord-under-neglene
Vi har vore så heldige å få til eit samarbeid med Nordfjord sogelag som hjelper oss med å få sikra utgjevinga økonomisk. Dette er vi svært glade for. https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Nordfjord_sogelag
Bokprosjektet er eit omfattande og kostbart tiltak som tar tid å få på plass. Om du vil vere med å støtte bokprosjektet så ta kontakt med Arve Henriksen. Mail arve(at)arvemariamusic.com. Bokprosjektet er støtta av m.a. Stryn Kulturkontor og Olden Bygdekvinnelag med fleire (sjå liste under). Det er óg mogleg å bestille ei bok, eller eit større antal bøker. Bøker kan m.a. kjøpast hjå Stryn Bokhandel, Norli på Sandane, samt på Nordfjordeid. Sjå fleire utslagsstader under.
Fjordingen 2.okt 2017: https://www.fjordingen.no/nyhende/i/3674qv/spennande-bokprosjekt-om-gloymd-kunstnar
Fjordingen 10.okt 2023: https://www.fjordingen.no/nyhende/i/wA2AEn/fraa-olden-til-paris-ei-praktbok-om-rolv-muri
Medarbeidarar i bokprosjektet:
Ivar og May Wartdal, Asger Grønkjær, Johanna og Gunnar Nygjerd, Ingolv Muri, Nordfjord Sogelag, Oddleiv Apneseth, Håvard Eide, Ståle Fitje, Reidar Gjørven, Svein Kristiansen, Eli Eide, Sigrid Vanberg, Gloppen Folkebibliotek og Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Sponsorar:
Sponsorar:
- Stryn kommune
- Olden bygdekvinnelag
- I E Wartdal AS, May og Ivar Wartdal
- Sandane psykologisenter, v/Svein Kristiansen
- Nordfjord Sogelag
- Sogn og Fjordane Kunstmuseum
- Arve Maria Music
- Skrivestova Ove Eide
Det vart laga eit fonogram i jubileumsåret med musikk inspirert av Muri sine måleri. Musikken er komponert og framført av Arve Henriksen og er utgjeven på Arve Music. https://arvemusic.com Ein kan óg høyre Elling Vanberg lese nokre av sine egne dikt på denne plata.
Dette var eit sjølvstendig prosjekt som ikkje har vore økonomisk kobla til bokprosjektet. Tittel på denne digitale utgjevinga er “Murimorphosis”.
Meir info på denne linken: https://arvehenriksen.bandcamp.com/


Boka kan framleis kjøpast på følgande stader:
Kunstmuseet i Førde
Stryn Bokhandel
Eikenæs/Norli Sandane
Totland, Nordfjordeid
Ivar Aasen tunet
Eller kontakt: Arve Henriksen, arve@arvemariamusic.com


Sjekk óg ut denne utgjevinga med tekstar av Elling Vanberg: “Ellivan” https://norcd.net/music/p/arve-henriksen-amp-elling-vanberg-ellivan