Helga Bröchner-Christiansen Muri

Helga og Rolv

Utdrag frå boka “Dydenborg – En fynsk slægt” av Mads Chr. Hansen

https://slaegtsbibliotek.dk/909261.pdf

Herrested kirke. Her gifta Helga og Rolv seg 15.mai 1948

Helga var også kunstmålar med utdanning frå København.

Frå Olden til Paris har med eit eige kapittel om kona, Helga Brøchner Muri frå Danmark, som gav opp si karriere for å støtte Rolv i sitt kunstnarskap. Ho tok med eit stort ansvar og kjempa for harde livet på garden i Olden.

Helga og Rolv i København i byrjinga av 1950-talet
“Onkel Andreas” (ukjent år)
“Kalven” (ukjent år)
Danske bøgeskove (1957)
Foto: Gunnar Nygjerd

FRÅ FYN TIL OLDEN

Helga Brøchner Kristiansen vart fødd 23.2.1922 i Sønder Nærå, nær Odense, på Fyn i Danmark. Ho var eldst av fire søsken. Foreldra var Marie Kristine Brøchner (f.1898) og Aage Dydensborg Christiansen (f.1894). Ho voks opp på ein dansk storgard, med relativt velståande foreldre, i eit miljø som må ha vore nokså langt frå det ho skulle slå rot i, på eit småbruk i ei lita grend i Nordfjord. Ei utsegn som lever etter henne, fortel mykje om korleis ho kunne ha det: «Eg gret og melka, melka og gret.» Helga Brøchner Kristiansen begynte på Kunstakademiet (Det Kongelige Akademi for de
Skjønne Kunster) i København hausten 1943, under professor Aksel Jørgensen. Med det starta ho på ei utdanning som var ein usedvanleg veg for ei fynsk bondedotter på den tida (etter søstersonen Asger Grønkjær). Ho hadde søkt også i 1942, men kom ikkje inn då. På grunn av mangelfulle arkiv kan ein ikkje sikkert bestemme når ho var ferdig på akademiet. Med tre års utdanning skulle dette ha vore i 1946. Men etter det som vert fortalt i familien, skal bildet med felespelaren (sjå s. 107) vere avgangsarbeidet hennar. Dette er datert 1948, og det betyr i så fall at ho har brukt fleire år på utdanninga enn normert studietid. Krigsåra kan ha skipla utdanningsløpet, men dette veit vi ikkje sikkert no. -Ove Eide


FROM FYN TO OLDEN
Helga Muri was an invaluable support and life companion for Rolv Muri. She herself began on an artistic path, which she ended when she became a farmer’s wife on a labor-intensive farm in Olden.

Helga Brøchner Kristiansen was born on February 23, 1922, in Sønder Nærå, near Odense, on Fyn, Denmark. She was the eldest of four siblings. Her parents were Marie Kristine Brøchner (b. 1898) and Aage Dydensborg Christiansen (b. 1894). She grew up on a large Danish farm, with relatively well-off parents, in an environment that must have been quite far from the one she would eventually settle in—a smallholding in a tiny village in Nordfjord. A statement that has lived on about her tells a lot about what her first years must have been like: “I cried and milked, milked and cried.”

Helga Brøchner Kristiansen started at the Royal Academy of Fine Arts in Copenhagen (Det Kongelige Akademi for de Skjønne Kunster) in the fall of 1943, under professor Aksel Jørgensen. This marked the beginning of an education that was an extraordinary path for a daughter of a farmer from Fyn at that time (according to her nephew Asger Grønkjær). She had applied in 1942 as well, but was not accepted then. Due to incomplete archives, it is not possible to definitively determine when she graduated from the academy. With three years of education, this would have been in 1946. However, according to family stories, the painting with the fiddler (see p. 107) is said to be her graduation work. This is dated 1948, which means, in that case, that she spent more years on her education than the standard study time. The war years may have disrupted her educational path, but this is something we do not know for sure now.


I andre halvdel av 1960-åra illustrerte Helga Muri tre tekstar for JUL I NORDFJORD. Karane i båten er frå 1965, til ein tekst av Edvard Os. Dei to landskapsbilda er laga til to dikt som var med i ein konkurranse om beste Nordfjord-dikt i 1968

Juli i Nordfjord, Helga Muri 1968

“Helga Muri engasjerte seg i lokalsamfunnet på ulike måtar. Eitt er gjennom arrangement på biblioteket, men ho deltok også lokalpolitisk: Ho stod på vallista til «Bygdeliste for Olden», både på 1950-talet og på 1970-talet. I 1985 blei ho sekretær i det første styret for Olden Helsetun (i dag Olden Bygdetun), som Olden Raude Kross bygde og som vart offisielt opna 30. mai 1987. Ho var også engasjert i Olden husmorlag (ma som studieleiar), og ho var medlem i kulturnemnda i Olden ungdomslag på 80-talet. Ho var altså mykje sterkare vend mot bygda og lokalmiljøet enn Rolv.” – Ove Eide

Då Helga Muri døydde i september 1988, skreiv Elling Vanberg eit minnedikt til henne. Dette vart først trykt i Sogn og Fjordane magasin same hausten, med tittelen «Til ei ven» og 4. januar 1989 i Fjordingen, då som «FUGENE (Helga Muri til minne»). I samlinga Songen om dei store slettene (1995) kom diktet med i den forma Vanberg ønskte det i bokform.