
ESSE NON VIDERI – eksistere utan å bli lagd merke til
«..det er i einsemda på småbruket eg har funne gullkorna og inspirasjonen.» (SFM 1/88)
«Olden eller New York, det gjev ingen skilnad. Poenget er å finne si eiga form og dyrke henne fram, ikkje plagiere. Søkje innover til dei spennande detaljane og samstundes løfte augo for å fange totalinntrykket. Løfte dei også mot det evige. Eg er sterkt religiøs. Mitt tilhøve til landskapet har panteistiske drag, Gud identisk med naturen som heilskap, med formidling over til kristen oppfatning av livet» (SFM 1/88)
- Eg er bonde mellom andre bønder. Det er slitet med jorda som har gjort at eg kunne uttrykke meg som kunstnar
- Jeg forsøker å gjengi essensen i det jeg opplever i naturen
- Kan arbeida mine hjelpe folk til å sjå nye sider ved landskap og miljø er eg nøgd
Rolv Lorentz Muri (1921-1992) var utdanna frå Statens Kunstakademi, var fleire gonger representert på Høstutstillingen og Vestlandsutstillinga og fekk Statens garantiinntekt for kunstnarar frå 1977. Som profesjonell kunstnar valde han å slå seg ned som bonde i Nordfjord, langt frå nasjonale kunst- og kultur-institusjonar. I dette lokale landskapet fann han motiva sine, men forma var internasjonal, knytt til impulsar og inspirasjonar frå Europa og USA. Slik var han både stadbunden og utovervend.
I oversynsartiklar blir han kalla abstrakt ekspresjonist, men sjølv ville han ikkje la seg fange med merkelappar. Men han var ein «uttrykks-kunstnar», som gjennom abstraksjonar av landskap og natur skapte ei underleggjering som kan få oss til å sjå på naturen med nytt blikk. Og det trengst kanskje – i ei tid med auka medvit om naturvern og klimakrise?
Rolv Muri viser oss natur og landskap som magiske, fortrylla fenomen. Eller som det heiter i eit fransk kunstnarleksikon frå 1990: «Biletkunsten hans er ei alve-verd full av fargar.»
“Vegen frå amatør til profesjonell var ei reise frå Olden til Oslo og Europa – og tilbake att til landsbygda. Rolv Muri bygde eit kunstnarliv og ei kunstnar-karriere på eit småbruk langt frå nasjonale kunst- og kultur-institusjonar. Det var her han fann seg sjølv, i nokre større samanhengar: garden, slekta, naturen. Men livet som bonde hadde sin pris, arbeidet i onnene måtte gjerast når tida var der, kunsten måtte vente. I dette låg det eit fruktbart paradoks: Somrane var «ei eldkule av slit og sveitte», sa han, men det var dette kvardagslivet som la grunnlaget for kunsten hans: «…det er i einsemda på småbruket eg har funne gullkorna og inspirasjonen» (frå eit intervju i Sogn og Fjordane Magasin 1988) – Tekst Ove Eide


Her eit lite utdrag frå eit intervju i Fjordingen.










