“Rolv sitt formspråk er abstrakt ekspressjonistisk -som periodevis nesten kan få karakter av å vere non-figurativ. Når biletspråket hans ikkje blir reint abstrakt eller nonfigurativt så heng dette saman med at Muri sine bilete aldri heilt slepp taket i impulsane han hentar frå naturen i Olden.” – Rolf Braadland
INSPIRASJONAR OG KUNSTNARLEG SLEKTSKAP
I eit intervju med Rolf Braadland i samband med jubileumsutstillinga i 1991 nemner Muri kunstnarar han har vore oppteken og inspirert av. Ein av dei var amerikanaren Jackson Pollock:
«Jeg gikk ikke så langt som han rent teknisk, men abstrakt ekspresjonisme lærte meg mye og virket styrkende og bekreftende på mine egne tanker og følelser om det jeg måtte utføre som kunstner.
Jeg beundret også sterkt COBRA-gruppen på 1940-50-tallet og spesielt Asger Jorn som tok skrittet fullt ut som kunstner – uten å ta hensyn til sosiale konvensjoner og stivnet moral. Han var seg sjøl. (Braadland 1991, s. 25)
Når Braadland spør om norske namn, svarar Muri:
Av norske kunstnere følte eg slektskap med Weidemann, Rumohr, Sitter, Advocaat og Gunnar S.
Desse fem norske kunstnarane nemner Muri i fleire intervju gjennom heile karrieren.
Eit fellestrekk er at dei var føregangs-menn og -kvinner for den modernistiske kunsten som for alvor fekk sitt gjennombrot i Noreg på 1960-talet. Han seier lite og inkje konkret om kva slektskapet handla om. Han kan ha tenkt både på motivval, formspørsmål, den kunstnarlege prosessen, ideologiske verdiar – eller litt av alt. Men nokre tangeringspunkt har han altså kjent på. Ein presentasjon av desse kunstnarane vil dermed kunne seie noko, i alle fall indirekte, om Rolv Muris eigen kunst. -Ove Eide

THEME DE NUIT 1981, 60 x 122. Innkjøpt av Aalesunds Kunstforening. Separatutstilling 1991