Det var altså langt frå noko isolert bygd Rolv Muri flytte til i 1948. Gjennom turisme og laksefiske hadde det her vore kontakt med den store verda i mange tiår. I mellomkrigstida vaks det fram eit internasjonalt prega miljø, knytt til den amerikanske multimillionæren William Henry Singer og kona Anna Spencer.
Olden i Nordfjord var ei jordbruksbygd, med sterkt preg av turisme i sommarsesongen. I heile kyrkjesoknet, med strandstaden, dalføret opp mot Jostedalsbreen og gardane på begge sider av fjorden, budde det i 1950 1098 innbyggjarar, som var 10 fleire enn i 1930. Ved sida av jordbruk hadde tettstaden Olden ein del småbedrifter, som land- handel, møbelverkstader, skreddar, sagbruk, trevarefabrikk, mølle, manufaktur og konfeksjon. To viktige turist-bedrifter var Yris turisthotell og Yris pensjonat.
Turismen i Olden har røtene sine i andre halvdel av 1800-talet, med sterk auke frå 1890-åra, noko som bl.a. heng saman med fleire og betre kommunikasjons-måtar. Knytt til turismen finn vi bedrifter som la til rette for dei som kom på besøk: Olden dampbåtlag og Olden skysslag (som tidleg på 1950-talet kunne mønstre 70 stolkjerrer for å frakte turistane opp til breen). Dei såkalla «flytande hotella» kom til Indre Nordfjord på 1890-talet, og det kunne vere store flokkar som skulle transporterast opp til breen: I 1893 var turist-følgjet så stort at dei måtte ha 33 robåtar for å makte transporten over Oldevatnet.


Bygda Muri kom til
Garden på Auflem og lokalsamfunnet Olden gav Muri identitet og tilhøyrsle.
Tettstaden Olden ligg i botnen av ein sidefjord til den vel 10 mil lange Nordfjorden, inst i Oldebukta. Frå tettstaden, i daglegtalen «Sjøatunet», går det ein to mil lang u-forma dal inn til Briksdals-breen, eit populært turistmål gjennom meir enn 100 år. Oldedalen er eit typisk vestnorsk dalføre, forma av isbrear, med det 11 kilometer lange Oldevatnet i dalbotnen. Dalen er kransa av høge fjell opp mot 1700-1800 moh. og med bratte, rasfarlege dalsider. Landskapet er kontrastfylt, både idyllisk og farleg, smilande vakkert sommarstid, med trugande rasfare i dalsidene om vinteren. Den amerikanske kunstmålaren og milliardæren Singer som slo seg ned i Olden, skal ha forma tankane sine om bygda slik: «Det milde og det ville var så nær kvarandre og stod i eit så vakkert samspel, at han hadde ikkje funne noko liknande andre stader der han hadde fare. – Og han hadde fare vide.»
Lokale kunsttradisjonar
Som andre bygder i Nordfjord har Olden hatt eit rikt organisasjonsliv. Olden ungdomslag vart skipa i 1884 og mot slutten av 1800-talet var det fleire misjonsforeiningar i bygda. Seinare kom det også til fråhaldslag, fleire kor etc. I desse laga fekk medlemmene både kunn- skap og underhaldning. Dei skreiv i lagsblada, spelte skodespel og fekk oppleve både musikk- innslag og opplesingsnummer. -Ove Eide



Meir om Muri si kobling til Olden i boka.
Fleire bilder frå gamle Olden :