Oppvekst og kunstinteresse

Rolv Lorentz Muri vart fødd 22.12.1921 i Ålesund. Foreldra var Emil Alfred Muri (1897–1972) og Milda Elina Aletta Auflem (1899–1996). Dei hadde tre born i tillegg til Rolv: Elling (1923–2006), Asbjørn (1925–2006) og Liv, gift Wartdal (1932–2018).

Begge foreldra var frå Olden. Mora hadde odel til gard på Auflem, den som Rolv seinare tok over og dreiv ved sida av kunstverksemda. Faren arbeidde i Postverket, men dreiv også radio- forretning og bensinstasjon på Skreia ved Gjøvik, dit dei flytta då Rolv var liten. Etter krigen vart Emil Muri postmeister på Otta, og dei budde der til han døydde i 1972. Milda flytte då til Auflem og bygde seg hus ikkje så langt frå tunet på slektsgarden.

Widerøe flyfoto av Skreia

Rolv Muri voks altså opp ved Gjøvik, men flytte tilbake til Ålesund i 1937. Han gjekk middel- skulen, og begynte deretter i Postverket, der han både fekk utdanning og arbeid. Yrkesmessig såg det ut til at han skulle gå i farens fotspor. Men han treivst ikkje noko særleg i Postverket. Søstera Liv Wartdal hugsa godt at han gjekk lei: Han måtte gjere noko meir enn å stemple fri-merke, sa han ein gong. I eit tilbakeblikk i 1974, då han hadde vore bonde i over 25 år, sa han: «(J)eg har sittet på kontorkrakken fra 9-4 i en kort tid i min ungdom. Takke meg til for å pløye jord, bre gjødsel og sette poteter.» (Morgenavisen 15.3.1974)

Liv Wartdal har fortalt at det var lite snakk om bildekunst i barndomsheimen, men mora hadde kunstnarlege anlegg, som ho uttrykte gjennom sying. Det var stor musikk-interesse i familien, med mykje song. Rolv spelte sjølv fele, det same gjorde broren Elling, mens Asbjørn var trekkspelar. Under krigen budde Rolv Muri i Olden, og då var han ofte med og spelte til dans i ungdomshuset Aldaheim, saman med Johannes Sunde på trekkspel og Martin Bakkeli på gitar. Søstera kan ikkje hugse at Rolv snakka om kunstnardraumar, men at han har vore litt meir enn vanleg interessert i teikning, finn vi prov for i A-magasinet, Aftenposten, i 1929.

Her hadde dei ei side der barn kunne sende inn bidrag, og i utgåva frå 1. juni les vi at ein av dei som har sendt inn teikning, var Rolv Muri. Teikninga kom ikkje på trykk, men det har nok vore ei oppmuntring å sjå namnet sitt i ei storavis. Lista over innsende teikningar i dette nummeret tel 41 namn, alle er barn i alderen 6 til 12 år.

I eit intervju i 1991 fekk Muri spørsmål om når han blei interessert i kunst:

Til det er å si at jeg alltid hadde denne interessen – var tidlig opptatt av maling og tegning, og følte det var noe som var nedfelt i meg. Det merkelige er i grunnen at jeg alltid forsøkte å vri litt på motivene – abstrahere dem. Det gjorde jeg ikke bevisst, men det kom av seg selv – og dette var kanskje grunnlaget for stilen senere – i min kunst.(Braadland 1991, Katalog s. 19)

Konfirmanten. Foto utlånt av Ingolv Muri

I 1938 laga den 17 år gamle Rolv Muri portrett av både far og mor, og eit sjølvportrett. Desse er naturalistiske, med stor portrett-likskap, seier dei som kjende familien. Bilda viser at den unge Muri har talent. Men som alle talent treng også bildeskaping øving, rettleiing og kunn- skapar. Muris veg mot å bli profesjonell kunstnar var berre nettopp starta.

I eit intervju i Fjordingen i 1990 spurde Martin Lilleheim kor tid han laga det første bildet sitt:
Det er eg ikkje sikker på. Men eg kunne vel vere i 10-11 års alderen. Men det er i alle fall sikkert at så snart eg kunne halde ein blyant, teikna eg. Eg forsøkte å finne ei meining. Og når dei andre skreiv stil, uttrykte eg meg i biletspråk.

Vinteren 1944–1945 deltok Rolv Muri på si første utstilling, med akvarellar som han hadde laga i Olden i krigsåra. Arrangør var Nordfjord Kunstlag, skipa tidleg i 1944. Dette skal vere det første kunstlaget på landsbygda på Vestlandet.

Vi veit ikkje kva for akvarellar Muri hadde med på Nordfjord Kunstlag si utstilling i 1944-45, men det er ikkje urimeleg at nokre av dei som vert viste her, var med.

To akvarellar frå 1940-talet: Til venstre TJØNN 1941. Det andre utan tittel, 1943

Muri si interesse for kunst og kunstutdanning blei for alvor kveikt i Olden under krigen. Det har han ofte fortalt, utan å seie meir om korleis eller kven som eventuelt gav tilskuv. Men ut- stillinga som Nordfjord Kunstlag stod for i 1944/1945 var eit første steg ut i det offentlege rommet med eigne bilde. Og det i seg sjølv må ha gjeve inspirasjon. I 1945 flytta han i alle fall til Oslo for å få seg ei kunstfagleg utdanning. Han begynte på Bjarne Engebret sin målarskule, ein privat kunstskule som for mange fungerte som ein forskule for Statens Kunstakademi. Her var Muri berre ein kort periode før han fekk plass på Statens Håndverks- og Kunst- industriskole. Her var Karl Høgberg læraren hans.

Bjarne Engebret: https://nkl.snl.no/Bjarne_Engebret

Karl Høgberg (1901-1981) var lærar på SHKS frå 1936 til 1971. Frå han har nok Muri henta inspirasjonar til bildekomposisjon og abstraksjon av motiva.

I løpet av 1946 fekk Muri så plass på Statens Kunstakademi, under professor Aage Storstein si rettleiing. Akademiet vart skipa i 1909, og var den første statlege kunstutdanninga i Noreg. Inntak til akademiet var bygt på innsende arbeid og på ei praktisk prøve.

Det var stor søknad til akademiet i dei første etterkrigsåra. I 1946 var skulepengane kr. 12.– per månad. Muri gjekk ut frå kunstakademiet i 1948 og flytta same året til Olden.

I norsk målarkunst gjekk det føre seg ei gradvis vending mot eit abstrakt formspråk etter krigen, med gjennomslag for alvor i 1960-åra. Då var Muri blitt småbrukar i Olden, langt vekke frå det sentrale kunstnarmiljøet i Oslo, men levande opptatt av dei nye kunst-ideane. At han tok med seg lærdommane frå akademiet vitnar mange av arbeida hans frå 1940- og 1950-talet om.

I eit intervju i 1991 såg Rolv Muri tilbake på akademi-tida:

Åge Storstein var professor i min klasse. Han foreleste i sitt kunstsyn som var sterkt påvirket av kubismen. Delvis lå dette for meg, men jeg følte at det var noe som manglet i hans undervisning. Jeg malte likevel en god del bilder i denne stilen, og det var først da jeg returnerte til Olden etter aka- demitiden at tingene forandret seg for meg som kunstner. Jeg følte så å si en genetisk tilhørighet til landskapet her, og gjennom dette skjedde en form for vårløsning.» (Braadland 1991, s. 19-20)

I løpet av 1950-åra laga Rolv Muri fleire bilde der inspirasjonen frå kubisme er tydeleg.

Også i eit intervju i 1982 kommenterte han læretida under Storstein:

Abstrakt er ordet for mine bilder, jeg tilhører ingen retning eller skole innen malerkunsten. Jeg ble ferdig med å analysere malerkunst etter å ha opplevd Aage Storstein som lærer på kunstakademiet. Han skulle analysere alt, og det måtte jeg vekk frå. Jeg kan ikke forklare det jeg maler. (Sunnmørsposten 20.2 1982)

I tillegg til studiane i Oslo var Rolv Muri på fleire studieturar utanlands, til Frankrike,Tyskland og Danmark. Under ein studietur til Danmark i 1946 møtte han Helga Brøchner Kristiansen (1922–1988), frå Sønder Nærå, like ved Odense. Også ho hadde kunstutdanning, med vekt på akvarell og oljemåleri. Seinare møttest dei på Askov Højskole på Jylland. Dei gifte seg i Danmark i 1948 og ønskte å bu i København og livnære seg av kunsten, men dei klarte seg ikkje økonomisk. Så då vart det Olden i staden, men her vart det ikkje rom for kunstnaren Helga. Ho arbeidde på garden, og vart med tida tilsett som bibliotekar og timelærar ved Olden ungdomsskule.

Tekst: Ove Eide “Frå Olden til Paris”