Rolv og Helga i lokalmiljøet

Korleis var forholdet Muri – lokalsamfunnet/bygda: som kunstnar, bonde, bygdemann? Var han aktiv i lag/organisasjonar – deltok han på arrangement?
Rolv var tilbakehalden, han treivst ikkje i store forsamlingar og var sjeldan med i bygde-til- skipingar. Og han var snar til å reise heim når han hadde opna ei utstilling med eigne bilde. Etter som han fekk eit meir kjent namn frå 1960-talet av, var det mange som kom heim til han og ville kjøpe bilde. Slike besøk takla han ikkje så godt, og han fekk til ei avtale med Olden Fjordhotell som fekk mange av bilda hans til låns. Nokre kjøpte dei og. Her kunne dermed turistar og kunstinteresserte få sjå eit utval av bilda hans.

Bilda hadde nok ei uvanleg form for mange i bygda, og det var ikkje så godt å få selt dei. Garden gav ikkje så stor inntekt, så Helga, kona hans, hadde delstilling på ungdomsskulen, som bibliotekar og som lærar i forming og heimkunnskap.

Korleis såg bygdefolk på måleri med så sterkt modernistisk uttrykk?

Etter kvart fekk folk opp augo for kvaliteten i kunsten hans. Rolv deltok på fleire utstillingar, noko som gav høve for bygda til å bli kjende med bilda hans. Rolv målte abstrakt, og i møte med slike bilde kjem ein nær inn på kunstnaren. Dette var noko mange forstod etter kvart, og slik blei dei etter kvart kjende med kunstnaren også – gjennom måleria. – Ove Eide

Fjordingen 15.oktober 1964
Fjordingen 26.mars 1969
Fjordingen 8.desember 1972

Helga Muri engasjerte seg i lokalsamfunnet på ulike måtar. Eitt er gjennom arrangement på biblioteket, men ho deltok også lokalpolitisk: Ho stod på vallista til «Bygdeliste for Olden», både på 1950-talet og på 1970-talet. I 1985 blei ho sekretær i det første styret for Olden Helsetun (i dag Olden Bygdetun), som Olden Raude Kross bygde og som vart offisielt opna 30. mai 1987. Ho var også engasjert i Olden husmorlag (ma som studieleiar), og ho var medlem i kulturnemnda i Olden ungdomslag på 80-talet. Ho var altså mykje sterkare vend mot bygda og lokalmiljøet enn Rolv.

Hausten 1972 hadde Olden skule fått nytt bygg, og i julekort til tanta i 1972 kallar ho jobben sin «alle tiders fineste arbeidsplads». Ho har arrangert forfattarkveldar og trivest godt som lærar i formingsfag (tekstil) og hybelstell/matlaging.

Fjordingen 25.april 1973
Fjordingen 13.juni 1975

Rolv var óg engasjert i lokale spørsmål som t.d. kraftutbygging. Her kan vi lese hans syns på saka i eit debattinnlegg i Fjordenes Tidende i 1974.

Fjordenes Tidende 27.11 1974
6.juni 1984

Rolv var sjenerøs mot bygdesamfunnet. Fleire skular og samfunnshus har måleri hengande. Fleire av dei gav han bort som folkegåve. “Vintersolverv” i Aldaheim, “?” på Olden Barne- og Ungdomsskule og “Klipper I” på Sunde skule.

5.desember 1984
Fjordingen 28.september 1984

Rolv Muri skreiv lite i avisene, berre nokre få lesarbrev er kjende. Men i 1985 engasjerte han seg – og fekk æra av å kome i Dagbladet sin faste satire-spalte «Dusteforbundet», redigert av Fredrik Stabel. Muri hadde vore på konsert i Aldaheim, ungdomshuset i Olden, og hatt ei stor oppleving. Etter konserten skreiv han ei melding som stod i lokalavisa Fjordingen måndag 6. mai:

Fjordingen 6.mai 1985
Henta frå boka “Frå Olden til Paris” -Ove Eide
Fjordingen 25.september 1985
Fjordingen 7.november 1986

Stryn kommune sin kulturpris 1988

Rolv Muri fekk kommunen sin kulturpris i 1988. Prisen var på kr. 3000.- og det følgde med eit diplom. I grunngjevinga vert det gjort greie for liv og kunstnarleg verksemd, og om kunsten hans heiter det at uttrykksforma er abstrakt, inspirert av lys og landskap i Indre Nordfjord. Dei to siste avsnitta er slik:

Rolv Muri har gjennom arbeid og utstillingar illustrert dei kvalitetar bygda og fjordlandskapet har som miljø og bakgrunn for utvikling av kunstinteresse og talent, kombinert med kjærleik til jorda, garden og slekta. I bratte, men solrike bakkar på Auflem, voks den monumentale kunsten fram.

Muri har gjennom ein generasjon vore med på å gjere heimbygda Olden, og Stryn kommune, kjend i inn- og utland.

16.desember 1988
Fjordingen 28.desember 1991
Fjordingen 2.oktober 2006, lokale kunstnarar vart heidra.