Utstilling i Paris

Utstilling Galerie Salammbo

– Paris 30. april 1988 – 

Som invitasjonen ovanfor viser: I 1988 hadde Galerie Salammbo i Paris ei utstilling Muri- bilde. I Fjordingen 24.8.1987 er det sitert frå eit brev Muri hadde fått frå galleri-eigaren. I brevet frå galleriet heitte det: Eg har hatt gleda av å sjå nokre av arbeida dine fleire gonger. Ettersom det stadig er det nye som er vorte det mest tiltrekkande og det som mange av mine kolleger nyttar som norm for utveljing, vert eg alltid overraska og begeistra når eg oppdagar noko ekte og oppriktig i arbeida til ein sikker kunstnar, som har valt å forbli ærleg mot seg sjølv, og foraktar motar og det overflatiske, det lett- vinte.

(Google translate)

Utstillinga vart óg tatt med i Fjordingen då Rolv fekk Kulturprisen i 1988:

Fjordingen 16.desember 1988

Sunnmørsposten :

Sunnmørsposten 17.des 1988 av Inge Fænn

Galerie Salammbo var eit lite kunstgalleri som vart etablert i 1987, og lagt ned berre ti år seinare.

Kari Muri, ven, sambygding og vertskap på Olden Fjordhotell, hjelpte han med brevskriving og kontakt med galleriet. Det vart sendt 10 store bilde til utstillinga, med prisar opp mot 50 000.- per bilde. Sjølv sa han om prisane at dei var sette høgt fordi han ikkje hadde lyst til å skilje seg med dei. (Fjordingen 19.12.1988). Muri reiste ikkje sjølv til Paris, kanskje var både han og kona Helga redde for at det kunne bli alkohol og festing viss han reiste. Så vidt Kari Muri veit, vart det ikkje selt bilde frå denne utstillinga.

I eit oppslag i Fjordingen 19.12.88 vert det fortalt at det var planar om å lage ein video-film om bilda i Paris, med musikk til. Det er ikkje kjent at dette vart gjort.

Night mythic 1984 (123X98)
På utstillinga i Førde 2023-2024
Nattmystikk i utstillingslokala SFKM nokre dagar før åpninga hausten 2023 (Foto: Arve Henriksen)

Muri stilte ut 10 bilde. “Night mythic”. Dette vart også vist på utstillinga i Førde i 21.november – 20.desember 1991. Bildet er også med på utstillinga i Førde 4.november-23 til 7.april-24. Eit anna måleri var “Syndrom”.

Syndrom 1980

Dette var óg med til Paris:

Vintersolverv
Fjordingen 24.august 2012 (Fjordingen 25 år sidan (1987) Inge Fænn)

“Frå Sandane til Paris”

Ove på leiting etter Galerie Salammbo i Rue des Coutures Saint-Gervais
hmmmm…..på rett plass, men Salammbo var ikkje å finne..

Invitasjonen til Muris utstilling viser at Galerie Salammbo hadde adressa Rue des Coutures Saint-Gervais. Det var ikkje vanskeleg å finne gata og gatenummeret, men her var det ikkje lenger noko kunstgalleri. No var lokalet leigd av ein butikk, og ho som dreiv forretninga, visste ikkje noko om lokalet si historie. Besøk i ei lite kunstgalleri i same gata gav heller ikkje noko resultat. Det var ingen her som hugsa 30 år tilbake.

Picasso National Museum låg like rundt gatehjørnet, og eit besøk her gav heller ikkje opplys- ningar. Ein kopi av invitasjonen som vart sendt rundt mellom dei som var i resepsjonen, gav berre hovudristing til svar. Turen gav altså ikkje noko konkret resultat – anna enn at vi fekk sjå gata og bygget der Rolv Muri hadde utstilling i 1988. I etterkant av turen har eg hatt kon- takt med både «Institute francaise de Norvege» og den norske ambassaden i Paris for å få hjelp til opplysningar. Begge institusjonane har gjeve tips, men det har så langt ikkje vore råd å finne ut noko meir om galleriet og utstillinga i 1988. -Ove Eide

Adresse: https://www.google.com/maps/place/18+Rue+des+Coutures+Saint-Gervais,+75003+Paris,+Frankrike/@48.8603339,2.3622088,17z/data=!3m1!4b1!4m6!3m5!1s0x47e66e0150613f71:0xd3ef4e0e66e8424f!8m2!3d48.8603339!4d2.3622088!16s%2Fg%2F11c5p9fy6p?hl=nb-DE&entry=ttu

Prestige de la Peinture et de la Sculpture d`Aujourd`hui de la Monde

I desember 1990 melde lokalavisa Fjordingen at Rolv Muri hadde fått plass i eit fransk leksikon: Prestige de la Peinture et de la Sculpture d`Aujourd`hui de la Monde. Dette er ein særprega publikasjon, ei øskje med eitt lausark for kvar av dei 198 kunstnarane som er presenterte. I leksikonet finn vi omtale av målarar og skulptørar frå 31 land. Frankrike er best representert, med nesten tredjeparten, men også Spania, Italia, Japan og USA har fått med mange. Leksikonet er sterkt Europa-sentrert, med kunstnarar frå 18 land frå denne verds- delen. Asia har fått med representantar frå fire land, frå Nord-Amerika finn vi kunstnarar både frå USA og Canada, Latin-Amerika og Afrika har med representantar frå tre land og Australia har ein representant.

For kvar kunstnar finn vi eit oversyn over utdanning, karriere etc og ein fyldig omtale / karakteristikk av kva som særmerkjer den enkelte. Om Rolv Muri sine bilde heiter det (omsetjing til norsk ved Kjell Arnestad):

  • Det er naturen, universets og menneskeslektas hukommelse, som er inspirasjonskjelda i Rolv Muri sin kunst.
  • Dei jordiske elementa har i seg krafta og det sårbare hos dei som møter tidas smerte og pine.
  • Fjell, brear og fjordar frå fødestaden hans er emne som tvingar seg på han.
  • Han behandlar dei på ein non-figurativ måte. Kunstnaren vil trekke ut kvintessensen av dei for å gjenføde dei på lerretet i ei tilsynelatande abstrakt form.
  • Han lever omgjevnadene sine intenst. Han held ikkje fast på noka presis sansing av verkelegheita, berre farga masser.
  • Der er ein vilje til herredømme over og eigarskap til landskapet som artisten ønskjer å overføre til eit fullverdig uttrykk.
  • Han nøyer seg ikkje med lett og grei reproduksjon av det han ser. Det er ei fullstendig gjenskaping av landskapet. Elementa blir fordelte på nytt i ein komposisjon med eigen dialektikk.
  • Fasinasjonen av det majestetiske ved heimstaden blir henta igjen i abstrakte teikn, dei same som eksisterer naturleg og som ikkje alltid blir sansa.
  • Rolv Muri hentar dei tilbake for å plassere dei i ein annan kontekst, konteksten til eit omforma uni- vers, framandt og mystisk.
  • Kunstnaren tenkjer einskap mellom element som ikkje passar saman. Fordi han har plukka dei frå kvarandre og sett dei saman igjen, rår han over ei kraft som kunne ha overvelda han. Biletkunsten hans er ei alve-verd full av fargar.

Andre kunstnarar som har hatt utstilling på Galerie Salammbo:

Oversettelse:

Det er naturen, som er minnet om universets og menneskenes eksistens, som inspirerer arbeidet til Rolv MURI.

De jordiske elementene besitter styrken og skjørheten til de som møter tidens tann.

Fjell, isbreer og fjorder i hjemlandet hans er alle emner som påtvinger ham seg.

Han behandler dem på en non-figurativ måte. Maleren vil trekke ut kvintessensen deres for å bringe dem tilbake til livet på lerretet på en nesten abstrakt måte.

Han opplever miljøet sitt intenst. Ingen presis påminnelse om virkeligheten observeres, men kun fargede masser.

Det er et ønske om innflytelse, for besittelse av territoriet i transposisjonen laget av kunstneren.

Han gleder seg ikke over den enkle ren og enkel gjengivelse av det han ser. Det er virkelig en rekreasjon av landskapet. Elementene er omfordelt i en komposisjon, der en bestemt dialektikk finnes.

Fascinasjonen for steders majestet tas opp i abstrakte tegn, nettopp disse tegnene som eksisterer naturlig og som ikke alltid oppfattes.

Rolv MURI tar dem igjen for å plassere dem igjen i en annen kontekst, den til et eltet, merkelig og magisk univers.

Maleren nytenker enhet fra ulike elementer. Han kontrollerer, fordi han har dissekert den og deretter komponert den på nytt, en kraft som kunne ha overveldet ham. Hans billedarbeid er en magisk, fargerik verden.