Åpning i Førde 3.nov kl 18:00

Velkomen til ei fantastisk flott kunstutstilling i Førde ! Eg lovar at den kjem til å gjere eit djupt inntrykk på publikum. Førde Kunstmuseum har laga ei verdig og estetisk vakker og rørande reise i Muri sin kunst. Den blir åpen frå 3.november 2023 til 7.april 2024 ! Ta turen !

Velkomen til utstillingsopning og bli med på feiringa av ein fantastisk kunstnar!

Denne kvelden opnar vi dørene til den første store visninga av Rolv Muri (1921-1992) sine bilete på over 30 år.

Program for kvelden:

  • 18.00 Dørene opnar
  • 18.20 Opningstale ved kommunalsjef for kultur og idrett i Sunnfjord kommune, Anita Nordheim
  • 18.30 Musikk ved Arve Henriksen
  • 18.40 Utstillinga opnar

Gratis inngang og lett servering. Sobra held ope utover kvelden.

Vel møtt!

Published by Arve Henriksen

Musician

Leave a comment