Boklansering i Olden

Det vart ei triveleg boklansering på Stabukk kafé i Olden den 4.november. Olden Bygdekvinnelag stod for eit fint arrangement med kaffi og twist. André Oppheim, eigar av Stabukk møtte oss med opne armar. Elevar i 3.klasse ved Olden skule hadde ei laga utstilling med måleri inspirerte av Muri. Takk til elevar for dette fine bidraget!

Her nokre glimt frå arrangementet. (beklagar lav resolusjon på bileta)

Stryn Bokhandel tok foto og video, samt stod for slag av bøker under arrangementet. https://m.facebook.com/p/Stryn-Bokhandel-AS-Ringo-Stryn-100063559263249/

Fjordingen: https://www.fjordingen.no/nyhende/i/2Banra/moette-opp-for-aa-heidre-sin-eigen-store-kunstnar

Nyhende i Fjordingen:

Møtte opp for å heidre sin eigen store kunstnar høve utgjevinga av boka «Frå Olden til Paris», om bildekunstnaren Rolv Lorentz Muri (1921-1992), måtte vi sjølvsagt, ha eit bokslepp i Olden òg.

Liknande markeringar har funne stad både i Stryn og Førde, så vi valde å ikkje satse for stort.

Lokala til kaffibaren Stabukk vart staden, og boksleppet fann stad tidlegare denne månaden. Olden Bygdekvinnelag i samarbeid med Andrè Opheim, forfattaren Ove Eide, musikar Arve Henriksen og Stryn Bokhandel, stod som arrangørar.

Spennande å sjå om oldarane møtte opp for å heidre sin eigen store kunstnar. Og det gjorde dei! Lokalet vart fort fullt, og mange måtte stå i døra. Bygdekvinnene serverte kaffi og twist.

Eide og Henriksen tok oss med på ei spennande reise i ord og tonar, der vi fekk eit innsyn i kunsten og livet til kunstnaren som budde, og dreiv gard i dei bratte Avleibakkane.

For mange kan kanskje ein del av desse bilda verke litt «uforståelege», men når Eide fortalde oss kva dei heitte, og forklarte litt rundt dei, var det mange som nikka og såg tydinga.

Kona til Muri, Helga, vart òg omtala, då ho var ein viktig støttespelar, og hadde sin eigen kunst.

« Ein blir ikkje profèt i eiga heimbygd» er det noko som heiter, og slik var det nok også for Rolv L. Muri. Han var verkeleg stor ute i verda, men etterkvart har nok fleire fått opp augene for kunsten hans, her òg.

Mange av bilda hans heng i både private heimar og offentlege bygg, her i kommunen

Elevane i 3. klasse på Olden skule hadde kunst som tema no, og laga flotte bilde, inspirerte av nettopp kunsten til Muri. Desse var utstillte i lokala på Stabukk. Riktig so flotte var dei.

Ei gjevande og interessant stund, for oss frammøtte, som kvitterte med applaus til Eide og Henriksen. Dei var godt nøgde arrangementet, og takka bygdekvinnene for pengestøtte til boka.

Leiaren i bygdekvinnelaget, Sigrid E. Skarstein, avslutta med å takke alle medverkande.

For Olden bygdekvinnelag

Reidun Brynestad

Published by Arve Henriksen

Musician

Leave a comment