https://rolfbraadland.wordpress.com/
Rolv Muri – abstraksjon som levd erfaring.
Rolv Muri på garden Avlein i 1991. Garden ligg så bratt i terrenget at Muri ikkje kunne nytte seg av traktor, men måtte gjere bruk av hest. Det er lett å skjøne sanninga i Muri sine ord: «Eg fann andre og nye dimensjonar under arbeidet med jord og stein, då eg spente musklane og opplevde sommaren som ei eldkule av slit og sveitte.»
Småbonde og kunstnar
Rolv Lorentz Muri (1921-1992) sin kunst er best kjend i traktene kring Olden og Stryn, men han er mellom dei beste kunstnarane innafor den moderne kunsten her i landet. Han høyrer til dei beste kunstnarane frå fylket i denne sjangeren saman med Gunnar S. Gundersen, Ludvig Eikaas, Oddvar Torsheim, Kjartan Slettemark og Knut Rumohr. Mykje av kunsten hans er i privat eige og han er representert i fleire sentrale kunstmuseum i Noreg.
Rolv Muri vart fødd i Ålesund, men voks opp i nærleiken av Gjøvik. Under andre verdskrigen vart ungdommar utan fast arbeid kalla inn til nasjonal arbeidsteneste. Men då Rolv Muri ikkje ville gjera arbeid for tyskarane, søkte han tilflukt på garden til morbroren på Avlein i Olden. Så lenge han hadde arbeid på ein gard slapp han unna denne tenesta. Det var her at Muri si interesse for kunst begynte og i 1946-1947 vart han student ved Statens Kunstakademi i Oslo.
Han vende tilbake for å overta garden på Avlein etter akademitida og vart då småbonde og kunstnar på heiltid. Arbeidet på garden, som ligg i bratt og ulendt terreng, var eit blodslit og arbeidet som småbonde verka hemmande for den kunstnarlege verksemda. Han arbeidde med målinga på nattetid.
Han fekk betre arbeidstilhøve i midten av 1960-talet, då han mottok Sogn og Fjordane sitt kunstnarstipend og seinare Statens tre-årige arbeidsstipend. Frå 1977 var han ein av dei første kunstnarane i landet som fekk tildelt garantert minsteinntekt.
Muri debuterte på Vestlandsutstillinga i 1957, på Høstutstillingen i 1959 og hadde si første separatutstilling i Oslo kunstforening i 1969. Den første utstillinga i offentleg regi i Sogn og Fjordane fylke vart arrangert i Fylkesgalleriet i desember 1991. Muri døydde nokre månader seinare.

Rolv Muri: «Vinterallegori», 1978 (99×122 c
Formspråk
Rolv Muri sitt formspråk er abstrakt ekspresjonistisk, stundom nonfigurativt. Når biletspråket hans ikkje vart reint abstrakt, så heng dette saman med at bileta hans aldri heilt slepper taket i impulsane han henta frå naturen i Olden.
Erfaringane med arbeidet og blodslitet som bonde, «innsynet i jordsmonnet», og utsynet frå garden mot fjella og fjorden, ligg heile tida som ei grunnleggjande resonansbotn i kunsten hans. Komposisjonane, dei kraftige målarstrøka var symbolberande og meint å spegle sinnsstemningar hjå kunstnaren.

Rolv Muri: «Høst i fjellet II», 1968 (utsnitt).
Frå midten av 1970-åra fekk mange måleri ein klang av blått, gult, rosa og grønt. Som motvekt mot dei ytre inntrykka frå den overveldande naturen, søkte Muri å gje eit indre uttrykk for det han erfarte i mikrokosmos, i jordsmonnet, i struktur og fargar i steinane.
Muri sin kunst gjev både inntrykk av heftig rørsle og uro, men likevel er bileta hans underlagt ein klår komposisjon som er med på å roe bilete, disiplinere det og med dette skape inntrykk av ro, harmoni og klårleik. Kunsten var for Muri ein form for terapi for å overleve som menneske og han sa eingong: «Jeg har ofte følt en sterk uro i min tilværelse og noe av min ambisjon har vært å få orden på denne ved hjelp av maleriet».
