“Gule stener”

Gule stener 1968? (45,5 x 54)

Stryn Kulturhus februar 2025: Etter litt leiting fann eg endeleg Muri måleriet “Gule Stener”. Dette står lagra mellom alle Kaare Sunde sine måleri som Stryn Kommune tidlegare overtok.

På baksida av måleriet ser det slik ut. Ein tekst viser tittel og pris.

Vidare ser ein eit anna “måleri” på baksida. Kanskje Rolv ikkje var heilt nøgd med dette og ville resirkulere bruken av material. Dette viser kanskje litt av Muri si sparsame haldning.

Joan Miró

I samband med eit konsertoppdrag på Mallorca fekk eg til eit besøk i Miró muséet i Palma. Dette har eg lenge sett fram mot å få oppleve. Det vart eit svært inspirerande møte med kunsten, men óg at dette er presentert i eit framifrå spennande arkitektonisk miljø. Både arbeidstudio og muséet var fantastisk å få vandre i.

https://miromallorca.com/en/

Skulptur i Miró sitt studio 2
Skulpturen i bymiljø i Palma

Meir info: https://www.fineart.no/kunstner/joan-miro

https://snl.no/Joan_Miró

Frostdag

Dette bildet er ikkje avfotografert nokon stad enno. Nasjonalmuseet har heller ikkje kapasitet til å gjere det utan at ein kjøper denne tjenesta hjå dei. Måleriet er i magasinet med mange andre måleri, og er dessverre ikkje blitt prioritert til fotografering. Derfor er ikkje bildet med i boka, det ville rett og slett bli for dyrt med ekstra foto-oppdrag i den prosessen. Spørsmålet er om det eksisterar eit foto, eller dokumentasjon frå ei utstilling frå tidlegare tider? Nokon som veit noko om dette? Ta gjerne kontakt.