Muri og miljø 2024

Godt nytt år ! Utstillinga i Førde held fram. Ta turen !

Eit økokritisk perspektiv
Dei siste 20-30 åra har litteratur-forsking og -kritikk i Noreg fått impulsar til det som vertkalla ei økokritisk lesing av tekstar. Bakgrunnen er sjølvsagt dei mange illevarslande utviklingstrekka vi opplever på kloden, knytt til miljøforureiningar og klima-endringar. Økokritikken er opp tatt av korleis naturen blir framstilt i kunsten, korleis forholdet menneske-natur blir skildra, både i eldre og i nyare tekstar. Slike spørsmål kan vi også stille oss i møte med bildekunst, som hos Muri: Kva fortel bilda om hans (og vårt) forhold til naturen? Kva ønskjer Rolv Muri å seie? Kva kan vi oppleve i møta med Muris naturbilde?
Rolv Muri verka som kunstnar før økokritikken fekk feste i Noreg, men spørsmåla den reiser kan sjølvsagt vere fruktbare inngangar til refleksjonar i møte med bilda hans. Muri erklærte seg som panteist, som inneber eit heilskapssyn på menneske og natur. Etter eit slikt syn er ikkje natur og kultur motsetnader, men deler av det same. Ein annan ståstad for Muri var miljøorganisasjonen «Fremtiden i våre hender», som han på 1970-talet gav full støtte til. Her kjende Muri att synspunkt og meiningar han sjølv hadde hatt sidan den første etterkrigstida. -Ove Eide

Klimakampen i Norge held på med full kraft…framleis:

Link: https://www.nrk.no/dokumentar/xl/nrk-avslorer_-44.000-inngrep-i-norsk-natur-pa-fem-ar-1.16573560

Link: https://www.nrk.no/ytring/en-sterk-historie-om-natur-i-krise_-1.16718106

Framtidig prognose for Stryn Kommune: https://www.nrk.no/klima/kommune/4651

Link: https://www.nrk.no/vestland/ny-rapport_-eu-treng-ikkje-enda-meir-norsk-gass-1.16772614

Instagram, Sogn og Fjordane Kunstmuseum Rolv Muri utstilling

Omvisning med Fridtjov Urdal 16.desember 2023 kl 13:00

Har du høyrt begrepet abstrakt ekspresjonisme, men ikkje fått heilt taket på kva det eigentleg er? Lyst til å lære meir om kunst og få kunnskap om ein av vår regions største modernistiske målarar? Då bør du bli med på omvising i “Rolv Muri. Eg målar med jord under neglene”.

Meir om utstillinga her: https://misf.no/kunstmuseet/opplevingar/rolv-muri-utstilling

Utklipp aviser

Link: https://www.nb.no/search?q=%22Rolv%20Muri%22&mediatype=aviser

Fjordingen 15.oktober 1964
Fjordingen 21.oktober 1965
Bergens Arbeiderblad 20.november 1965
Fjordingen 27.november 1967
Fjordingen 27.november 1967
Fjordingen 26.mars 1969
6.oktober 1969
6.oktober 1969
Firdaposten 20.desember 1969
Fjordingen 8.desember 1972
Fjordingen 25.april 1973
Fjordingen 16.november 1973
1.april 1974

Fjordenes Tidende 27.11 1974

Fremtiden 4.12 1974
Fjordingen 13.juni 1975
Fjordingen 1976
24.03-1980
Firda 25.mai 1982

Rogalands avis 5.mai 1983

Firda Folkeblad 27.10 1983
6.juni 1984
5.desember 1984
5.august 1986
24.august 1987
Fjordenes Tidende 30.november 1988
Fjordingen 16.desember 1988
Fjordingen 4.januar 1989
Firdaposten 15.september 1990
7.desember 1990
11.januar 1991
20.mars 1991
30.oktober 1995

Rolf Braadlands Blog

https://rolfbraadland.wordpress.com/

Rolv Muri – abstraksjon som levd erfaring.

 Rolv Muri på garden Avlein i 1991. Garden ligg så bratt i terrenget at Muri ikkje kunne nytte seg av traktor, men måtte gjere bruk av hest. Det er lett å skjøne sanninga i Muri sine ord: «Eg fann andre og nye dimensjonar under arbeidet med jord og stein, då eg spente musklane og opplevde sommaren som ei eldkule av slit og sveitte.»

 Småbonde og kunstnar

Rolv Lorentz Muri (1921-1992) sin kunst er best kjend i traktene kring Olden og Stryn, men han er mellom dei beste kunstnarane innafor den moderne kunsten her i landet. Han høyrer til dei beste kunstnarane frå fylket i denne sjangeren saman med Gunnar S. Gundersen, Ludvig Eikaas, Oddvar Torsheim, Kjartan Slettemark og Knut Rumohr. Mykje av kunsten hans er i privat eige og han er representert i fleire sentrale kunstmuseum i Noreg.

Rolv Muri vart fødd i Ålesund, men voks opp i nærleiken av Gjøvik. Under andre verdskrigen vart ungdommar utan fast arbeid kalla inn til nasjonal arbeidsteneste. Men då Rolv Muri ikkje ville gjera arbeid for tyskarane, søkte han tilflukt på garden til morbroren på Avlein i Olden. Så lenge han hadde arbeid på ein gard slapp han unna denne tenesta. Det var her at Muri si interesse for kunst begynte og i 1946-1947 vart han student ved Statens Kunstakademi i Oslo.

Han vende tilbake for å overta garden på Avlein etter akademitida og vart då småbonde og kunstnar på heiltid. Arbeidet på garden, som ligg i bratt og ulendt terreng, var eit blodslit og arbeidet som småbonde verka hemmande for den kunstnarlege verksemda. Han arbeidde med målinga på nattetid.

Han fekk betre arbeidstilhøve i midten av 1960-talet, då han mottok Sogn og Fjordane sitt kunstnarstipend og seinare Statens tre-årige arbeidsstipend. Frå 1977 var han ein av dei første kunstnarane i landet som fekk tildelt garantert minsteinntekt.

Muri debuterte på Vestlandsutstillinga i 1957, på Høstutstillingen i 1959 og hadde si første separatutstilling i Oslo kunstforening i 1969. Den første utstillinga i offentleg regi i Sogn og Fjordane fylke vart arrangert i Fylkesgalleriet i desember 1991. Muri døydde nokre månader seinare.

Rolv Muri: «Vinterallegori», 1978 (99×122 c

Formspråk

Rolv Muri sitt formspråk er abstrakt ekspresjonistisk, stundom nonfigurativt. Når biletspråket hans ikkje vart reint abstrakt, så heng dette saman med at bileta hans aldri heilt slepper taket i impulsane han henta frå naturen i Olden.

Erfaringane med arbeidet og blodslitet som bonde, «innsynet i jordsmonnet», og utsynet frå garden mot fjella og fjorden, ligg heile tida som ei grunnleggjande resonansbotn i kunsten hans. Komposisjonane, dei kraftige målarstrøka var symbolberande og meint å spegle sinnsstemningar hjå kunstnaren.

Rolv Muri: «Høst i fjellet II», 1968 (utsnitt).

Frå midten av 1970-åra fekk mange måleri ein klang av blått, gult, rosa og grønt. Som motvekt mot dei ytre inntrykka frå den overveldande naturen, søkte Muri å gje eit indre uttrykk for det han erfarte i mikrokosmos, i jordsmonnet, i struktur og fargar i steinane.

Muri sin kunst gjev både inntrykk av heftig rørsle og uro, men likevel er bileta hans underlagt ein klår komposisjon som er med på å roe bilete, disiplinere det og med dette skape inntrykk av ro, harmoni og klårleik. Kunsten var for Muri ein form for terapi for å overleve som menneske og han sa eingong: «Jeg har ofte følt en sterk uro i min tilværelse og noe av min ambisjon har vært å få orden på denne ved hjelp av maleriet».

Rolv Muri: «Night fragment», 1982 (105×123 cm).

Internasjonale impulsar

Rolv Muri henta impulsar frå den amerikanske, abstrakte ekspresjonismen på 1950-talet (m.a. Jackson Pollock og Willhelm de Kooning) og frå den europeiske kunstnargruppa COBRA (Karl Appel og Asger Jorn). Føremålet med kunsten deira var å frigjere og gje uttrykk for kunstnaren sine subjektive, spontane tankar og kjensler.

Desse kunstretningane hadde i sin tur bakgrunn i den tyske ekspresjonismen frå mellomkrigstida med si dristige fargebruk, deformerte og groteske menneskefigurar. Då nazistane kom til makta i 1933 var ekspresjonismen forbode og forfølgd av di den vart oppfatta som uskjøn og samfunnsnedbrytande.


I samband med den første utstillinga i offentleg regi i Sogn og Fjordane fylke, som vart arrangert i Fylkesgalleriet i desember 1991, gav galleriet ut ein katalog om Rolv Muri.