Eg hadde eit uhell på langrennski no i påska i Stryn og vart frakta til operasjonsstova i Førde. Etter ei fin utført titanforsterkning av leggen, og i avslappa kroppsleg tåkeheim i sus og dus, vart eg transportert opp i sjuande etasje på Sentralsjukehuset. Jau då, i det eg vart trilla inn på rom 67 kl 02:30 kunne eg nyte synet av måleriet “Nysnø”. Første trudde eg at det var husets tryllemedisin der på nattestider som spelte meg eit puss, men det skulle vise seg neste morgon, etter at eg hadde humpa meg ut i korridoren på krykker at måleriet til Muri frå 1978 hang der ute i korridoren og lyste mot meg. Eg hadde lenge tenkt å ta turen dit for å få sett dette måleriet, men hadde vel ikkje tenkt at det skulle bli under slike omstende. Nysnø høyrest mjuk og godt ut, mi erfaring no i påska var at snø kan framstå som hardt, skrapande og vondt.
Ja, ja. No er vel våren snart på veg og måleria til Muri som har pryda veggane i Sogn og Fjordane Kunstmuseeum så lenge, vil om kort tid være på veg heim til sitt. Nokre skal tilbake i kunstmagasina til “forvaring”, medan andre skal heim til sine private heimar. Nokre skal tilbake på “jobb” og hengast opp i all offentligheit på skular, kommune- eller forsamlingshus. La oss håpe at fleire kunstmuseeum og private eigarar vil vise fram sine Murimåleri. Dei er altfor fine til å plasserast på lager, eller i bortgøymde korridorar.
Laurdag 6. april kl 13.00 kan du bli med på omvising i utstillinga med Ove Eide, som har skreve boka “Frå Olden til Paris: bildekunstnaren Rolv Lorentz Muri (1921-1992)”.
Det er gratis å vere med på omvisinga så lenge du har gyldig inngangsbillett eller årskort. Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld og oppmøtestad er i resepsjonen. Omvisinga varar ca 45 minutt.
(Tekst framført saman med Kyrre Eikås Ottersen og Arve Henriksen under eit arrangement i Sogn og Fjordane Kunstmuseum, 9.3.2024)
Det går mange vegar inn i Muris bildeverd. Eg skal ta dykk med på ein av desse vegane. La meg starte med to samtids-sitat:
«Alle gode kunstverk har noe grunnleggende underlig ved seg (…) De åpner opp et eget rom, får deg til å betrakte verden, om så dens aller minste bestanddeler, på en ny måte». Elise Winterthun, i bokmelding av Lars Amund Vaage: Mjølketid (2023), Klassekampen 30.9.2023
«Hvis en bok ikke påvirker opplevelsen av verden, så er det ikke god litteratur». God litteratur «… omformer forholdet vårt til verden og hverandre.»
Demian Vitanza i Klassekampen 3.2.2024
Desse to sitata er knytte til litteratur, men dei gjeld også for bildekunsten.
La oss så gå 36 år tilbake – til Rolv Muri i 1988 og det eg oppfattar som ei programerklæring frå hans munn:
«Kan arbeida mine hjelpe folk til å sjå nye sider ved landskap og miljø er eg nøgd» (Sogn og Fjordane Magasin 1/88)
Eit endå større steg tilbake fortel oss at på vegen til det moderne samfunnet har synet vårt på natur endra seg mykje. Der menneska i tidlegare tider opplevde magi og mystikk, har naturen i dag for mange blitt ressursar som kan skildrast i målbare storleikar, i kilowatt, i kubikk, i noko som kan utnyttast, vere nyttig – noko som kan bidra til vekst.
Eit omgrep for denne endringa er at natur og naturfenomen har blitt «avfortrylla»: Magiske og mystiske forklaringar som var sentrale i tidlegare hundreår, har vorte erstatta av rasjonelle og logiske tenkjemåtar. Den rasjonelle tanken skapte fridom på mange felt, men han gav også menneska ei haldning til natur som medførte utnytting og ei oppfatning av at menneska stod over naturen, med rett til å øyde, frie til å handle som vi vil med naturressursane.
Rolv Muri var ikkje glad for denne utviklinga, noko som heng saman med nokre grunnleggande verdiar som han ofte kom tilbake til. Muri kalla seg panteist: «Gud er identisk med naturen som heilskap», sa han. Og han var sterkt opptatt av naturvern, tilhengar av Erik Damann og organisasjonen «Fremtiden i våre hender». Saman med venen og forfattaren Elling Vanberg, som budde tvers over fjorden i Olden, delte han interesse for den amerikanske økofilosofen Thoreau.
Rolv Muri ønskte altså at bilda hans skulle gje publikum eit nytt blikk på naturen, nye perspektiv – noko som igjen kan føre til at vi snakkar – og handlar – på nye måtar. Dette er i forbausande grad i samsvar med Bernhard Ellefsens utfordring i boka Det som går tapt. Naturen som forsvinner og litteraturen som forteller om den (2022):
Ofte tenker jeg at naturlitteraturens fremste mulighet og oppgave er at den kan hjelpe oss med å se. Den kan finne språk for det som omgir oss, løfte frem noe fremmed, vise sammenhenger blant fenomener vi trodde vi kjente, peke på noe som skjer i oss selv når vi åpner oss for naturen. (s. 57)
Å sjå på nytt, tenke på nytt, er nødvendige steg på vegen mot endring av ei utvikling som har hatt katastrofale følgjer:
Jo da, vi må forandre våre liv. Men det får vi jo ikke til uten å forandre blikket og språket. Og hvor krevende er ikke det? Hvor voldsomme tankesprang skal ikke til? (s. 159)
I minst like stor grad som litteraturen handlar bildekunst om å sjå – og om å la blikket sitt bli utfordra.
I Det som går tapt strekar Bernhard Ellefsen fleire gonger under at viss vi skal klare å bryte med dei tenkjemåtane som har ført jorda mot krise, må vi gjenreise noko som har gått tapt:
(E)n viss gjenfortrylling av verden er en nødvendig forutsetning for et økologisk engasjement (…) Å verdsette naturens mysterier blir en vesentlig del også av et rasjonelt perspektiv på den. For ikke å snakke om at det er en grunnleggende bestanddel i de fleste store naturopplevelser. Selv om vi vet kva stjerner er for noe, demper ikke det suget man føler i kroppen når man ser dem gløde i sitt fulle dyp på en nattesvart himmel, Snarere tvert imot. (Ellefsen 2022, s. 118, kursiv i originalen)
Gjenfortryllingsomgrepet freistar fange inn alt dette underlege, magiske, sanselege som det er vanskeleg å setje ord på ved ei naturoppleving. Alt dette som ikkje kan teljast eller målast. Eit fellestrekk for naturoppleving og oppleving av bildekunst er nettopp det sanselege, det kjenslefylte, det fleirtydige.
Rolv Muris måleri med naturmotiv kan tolkast som forsøk på å gjenfortrylle verda. Som småbrukar på ein tungdriven gard i Nordfjord visste Muri godt kva ein stein er, kva ein bre er, men han viste dei fram som noko meir enn det naturvitskapen kan fortelje oss. Han viser oss naturfenomena som magiske, fortrylla fenomen. Eller som det heiter i eit fransk kunstnarleksikon frå 1990 om Rolv Muri: «Biletkunsten hans er ei alve-verd full av fargar.»
Muri såg på bilda sine som ein protest mot ei tenking som truga med å rasere naturen. I samband med ei separatutstilling i Kunstnernes Hus i Oslo i 1976 sa han:
Damann dekker mitt syn, fullt ut… Romantiker er jeg nok. Og jeg tror på en styrelse i livet, jeg er svært religiøs. I det ytre er jeg vel et usikkert menneske. Forsøker å være bonde, ønsker ikke å bli oppfattet som noe annet, vil ikke være original. Ganske alminnelig vil jeg være (…) Jeg er ikke noe merkverdig, jeg er et enkelt menneske. Jeg bor i en fjellside, og ser over i den andre. Det er fryktelig at det de kaller «utvikling» skal ødelegge verdier som ikke kan måles i kroner og øre, men som for mange er en livsbetingelse.
Dette er en av grunnene til at jeg stiller ut. Det er utkantkunst, dette. Vi skal vise hvem vi er. Å stille ut her i det mest krevende lokalet i Oslo, er en politisk handling.