“Bilder fra en utstilling”

Facebook: https://www.facebook.com/photo/?fbid=820810850047759&set=pcb.820815840047260&locale=nb_NO

Foto: Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Har du høyrt begrepet abstrakt ekspresjonisme, men ikkje fått heilt taket på kva det eigentleg er? Lyst til å lære meir om kunst og få kunnskap om ein av vår regions største modernistiske målarar? Då bør du bli med på omvising i “Rolv Muri. Eg målar med jord under neglene”. Utstillinga syner verk frå heile den 50 år lange karriera hans, her får du verkeleg sjansen til å fordjupe seg i Muris liv som kunstnar. Bli med på omvising desse dagane:

4. november kl. 13:00-13:45, med Fridtjov Urdal

18. november kl. 13:00-13:45, med Fridtjov Urdal

2. desember kl. 13:00-13:45, med Ingrid Norum

16. desember kl 13:00-13:45, med Fridtjov Urdal

Åpning i Førde 3.nov kl 18:00

Velkomen til ei fantastisk flott kunstutstilling i Førde ! Eg lovar at den kjem til å gjere eit djupt inntrykk på publikum. Førde Kunstmuseum har laga ei verdig og estetisk vakker og rørande reise i Muri sin kunst. Den blir åpen frå 3.november 2023 til 7.april 2024 ! Ta turen !

Velkomen til utstillingsopning og bli med på feiringa av ein fantastisk kunstnar!

Denne kvelden opnar vi dørene til den første store visninga av Rolv Muri (1921-1992) sine bilete på over 30 år.

Program for kvelden:

  • 18.00 Dørene opnar
  • 18.20 Opningstale ved kommunalsjef for kultur og idrett i Sunnfjord kommune, Anita Nordheim
  • 18.30 Musikk ved Arve Henriksen
  • 18.40 Utstillinga opnar

Gratis inngang og lett servering. Sobra held ope utover kvelden.

Vel møtt!

Bokslepp !!!

Det er ei stor glede å fortelje at no er boka om Rolv Muri i trykken, og vi inviterer til:

Boklansering i Lodgen Stryn, Perhusvegen 27 i Stryn (bak Isehaug kafeteria, sett frå hovudgata)

Fredag 6. oktober kl. 18.00.

Presentasjon av “Frå Olden til Paris” ved Ove Eide og Arve Henriksen – kåseri og musikk

Høve til å kjøpe signerte bøker.

Velkomen til bokslepp!

Vestlandsutstillingen

1957: https://www.vestlandsutstillingen.no/utstilling/1957/

Akvareller: Kveld 1956 (23 x 17,5) Kr 75,- & Fra høyfjellet 1956 (21 x 24,5) Kr 100,-

1958: https://www.vestlandsutstillingen.no/utstilling/1958/

Havnen – kveld 1957 (55 x 48) Privat eie.

1959: https://www.vestlandsutstillingen.no/utstilling/1959/

Fiskere 1958 (80 x56) Kr 600,-

1960: https://www.vestlandsutstillingen.no/utstilling/1960/

Muri : Fjæra (70 X 89) Kr 900,-

1961: https://www.vestlandsutstillingen.no/utstilling/1961/

Fjellside (100 x 62) Kr 1000,-

1962: https://www.vestlandsutstillingen.no/utstilling/1962/

Vinter (87,5 x 114) Kr 2000,-

1963: https://www.vestlandsutstillingen.no/utstilling/1963/

Maleri (66,6 x 115) Kr 1800,-

1964: https://www.vestlandsutstillingen.no/utstilling/1964/

Knaus (98 x 122) Kr 2300,- & Klepp (49 x 89) Kr 1200,-

1966: https://www.vestlandsutstillingen.no/utstilling/1966/

Svedje 1966 (100 x 81) Kr 1600,-

1991: https://www.vestlandsutstillingen.no/utstilling/1991/

Katalog: https://www.vestlandsutstillingen.no/wp-content/uploads/2022/01/Katalog_1991Vestlandsutstillingen.pdf

Legende 1984 (70 x 81)